Historie

Skylstad Arkitektur as blei stifta i 2006 av Svein Skylstad. Svein Skylstad blei utdanna arkitekt frå NTH ( NTNU) i 1983 og arbeidde frå 1983 til 1989 på arkitektkontoret til Kjell Jakobsen og Egil Holter på Havstein Vestre i Trondheim.( Jakobsen og Holter Arkitektkontor). Hovedprosjektet frå 1985 til 1989 var Olavskvartalet med Olavshallen i Trondheim, som Jakobsen og Holter teikna saman med Per Knudsen Arkitektkontor. I 1990 kjøpte Svein Skylstad og 5 andre partnarar Jakobsen og Holter Arkitektkontor as og stifta  Arkitektkontoret Kvadrat as. Svein Skylstad var partner og fagleg leiar i Arkitektkontoret Kvadrat as frå 1990 til 2002, då han starta som studioleiar i Per Knudsen Arkitektkontor as. Han var dagleg leiar hos Per Knudsen i 2005-2006 før han starta Skylstad Arkitektur as i november 2006. Skylstad Arkitektur as har hatt hovedvekt på offentleg byggeri, særleg undervisnings-, idretts- og omsorgsbygg.